Bestillingsverk av Tuva Syvertsen og Susanna Wallumrød!

Tuva Syvertsen og Susanna Wallumrød er handplukka komponistar til årets bestillingsverk for Telemarkfestivalen.

Tuva Syvertsen er kjend som frontfigur, vokalist og felespelar i gruppa Valkyrien Allstars som hausten 2011 slapp sitt tredje album “Ingen Hverdag” til svært god mottaking. Gruppa vant Grappas Debutantpris i 2006, der dei fekk platekontrakt og gav ut sin sjølvtitulerte debutskive «Valkyrien Allstars» som selde til platina og vart spelemannsnominert i klassa «Årets nykommer». Gruppa var første gong i medias søkelys då dei vann Kjempesjansen på NRK i  2006. Tuva har også profilert seg som solist med m.a. eigen konsert på Riksscenen i Oslo der ho sette saman eigen og andres musikk til eit verk, og deltakinga i Korslaget på TV2 i 2009.

Susanna Wallumrød er ein av Noregs absolutte popdronningar. Ho er den magiske stemma i duoen «Susanna & the magical orchestra» som ho utgjer saman med Morten Qvenild. Ho har sin eigen trio med Helge Sten og Pål Hausken, har gjeve ut plate og turnert fleire gonger med den amerikanske artisten Bonnie «Prince» Billy og ikkje minst hatt ei strålande solokarriere. Ho platedebuterte med «List of lights and buoys» i 2004, og har sidan gjeve ut plater til ståande ovasjonar både frå presse og publikum. Siste utgjevinga så langt, «Wild dog» som ho gav ut tidlegare i år, vart premiert med terningkast fem i alle dei største norske avisene.

Tuva og Susanna har fått oppgåva å lage eit bestillingsverk beståande av tre delar – eitt kvar der dei får skrive musikk for seg sjølve og utvalde musikarar, og eitt der de skal lage musikk saman. Tuva og Susanna har ikkje tidligare laga musikk saman, men har stor respekt for kvarandres musikk, og svara eit rungande ja på spørsmålet om dei ville gjøre tingingsverk for festivalen 2012.

Ved å invitere Tuva og Susanna set Telemarkfestivalen to av dei mest markante og suksessrike unge stemmene i Noreg i dag. Telemarkfestivalen ser det som ei ære at to så profilerte musikarar som Tuva og Susanna har takka ja til utfordringa det er å lage eit tingingsverk til årets festival og gler seg langt ut i tærne på å høyre resultatet av samarbeidet på Gullbring torsdag 19. juli.

Telemarkfestivalen har lange og gode tradisjonar for tingingsverk, eksempelvis Mari Boine, Annbjørg Lien, Gjermund Larsen, Øyonn Groven Myhren, Odd Nordstoga, Diom de Kossa, Frode Fjellheim, Karl Seglem og Anders Røine har i dei seinare åra levert tingingsverk for festivalen. Alle verka som har blitt lydfesta har blitt nominert til sjølvaste Spellemannprisen, og Odd Nordstoga/Øyonn Groven Myhren og Gjermund Larsen har begge blitt premiert for beste folkemusikkutgjeving. Dette inspirerer festivalen til å halde fram med å tinge nye verk.

Vel møtt til Telemarkfestivalen 19. – 22. juli 2012!

Kommenter innlegget